onsdag 30. januar 2008

2. ting. Blogging

Blogging er ein måte å spre eller utveksla tankar og idear. Det ideelle er å få tilbakemeldingar. Eg blogga lenge på bibliotekets blogg før eg fekk den første tilbakemeldinga. Den kom frå son min som opplyste meg om at eg hadde gjort ein feil! Greitt nok.

1.ting: Livslang læring

Den kunnskapen vi hadde for ti år sidan er ikkje gyldig lenger. Skal vi fylgja med må vi kontinuerleg utdanna og oppdatera oss. I arbeidsliv og privat ha fokus på livslang læring! Det kan vera slitsomt, men også veldig moro.